Posta av: sigridzh | 05/01/2010

Den nye baronessa av Europa

I 57 månader på rad har det vore klart nei-fleirtal på alle målingar. Den siste EU-målinga Sentio har gjennomført, for desember, viser at nei-sida nok ein gong aukar sitt forsprang på ja-sida. Kvifor det?

Det er sikkert mange grunnar. For det manglar ikkje akkurat på gode grunnar til å vere negativ til norsk EU-medlemskap. Men eg vil likevel peike på noko eg trur kan ha hatt ein viss effekt denne gongen; Folk i Noreg har fått med seg kva som skjer i EU.

Lisboa-trakaten som trådde i kraft 1. desember, nådde heldigvis også norske media. Heilt frå byrjinga i 2005, då under namnet ”EU-grunnlova” har denne traktaten vore ein pinlig affære for EU. For det første inneber denne traktaten å flytte svært mykje makt frå medlemslanda opp på EU-nivå, noko den jamne europear er svært skeptisk til. For det andre har prosessen verkeleg ikkje likna grisen.

Først sa Frankrike og Nederland nei gjennom folkeavstemming, og ein omdøypte traktaten og lurte den inn bakvegen i dei fleste landa. Det eine landet som hadde folkeavstemming om den nye traktaten, Irland, sa også nei. Til slutt, eller å ha brukt millionar av euro på propaganda, lokka og trua, sa også Irland ja. Då var det berre Polen og Tsjekkia att, og det blei ein såpeopera av ein politisk prosess. Presidenten i Tsjekkia nekta å godta traktaten, og kommisjons-president Barosso måtte trua med  både det eine og andre, før han til slutt skreiv under.

Prosessen med å innføre den nye reformtraktaten har vore parodisk heilt frå starten, og jammen heldt EU-toppane stilen heilt til mål. Då dei nye toppjobbane som EU-utanriksminister og president skulle delast ut, skjedde det på ekte EU-vis. Media visste ikkje kven som stilte til val, ingen folkerøysting blei gjennomført. Kandidatane sjølve visste ikkje at dei var aktuelle til jobbane. På ein lukka middag i Brussel blei dei to utpeikt. Det var demokratiet sitt det, ja. Og ein lurer på kvifor folk er skeptiske til utviklinga i EU?

Dei nye toppsjefane er så langt frå folk flest som det går an.  EU-presidenten Herman Van Rompuy er uttala føderalist, og ynskjer seg eit fullstendig overnasjonalt Europa. Dette er  europearar flest sterkt imot. Den nye utanriksministeren Catherine Ashton er britisk baronesse, og har vore politikar heile livet. Likevel har ho aldri stilt til val. Ho var fullstendig overraska over å få jobben, og har ingen erfaring frå området. Professor Janne Haaland Matlary sa det rett ut i Aftenposten: ”Catherine Ashton kan ingenting om utenrikspolitikk men skal liksom gi innhold til en global rolle for EU på dette feltet, noe som er verdens vanskeligste jobb”.

Van Rompuy og Ashton blir no altså frontfigurar for ein union med ein halv milliard innbyggjarar, og for eit merkeleg politisk system. Der det lovgivande organet ikkje er demokratisk vald, og folkeavstemmingar blir glatt oversett.

I eit land der alle har ein onkel i kommunestyret, eit søskenbarn på tinget og statsministeren vår berre heiter ”Jens”, er det ikkje så rart me reagerer på systemet EU. Det er få land det er så kort veg til makta som i Noreg, og eg trur det er difor folk er så skeptiske til å gi opp sjølvråderetten sin. Folk vil helst bestemmes sjølv, og i EU er det ikkje folket, men toppane som sit med makta. Det har me nettopp fått bevist endå ein gong.

Dette innlegget stod på trykk i Nationen 29.desember 2009


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

kategoriar

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.