Posta av: sigridzh | 05/11/2009

Støtt kampen mot Datalagringsdirektivet

På tysdag blei det starta opp ein ny tverrpolitisk kampanjeorganisasjon: Stopp Datalagringsdirektivet. På oppstartsmøtet i Fritt Ord sin lokale møtte det opp masse folk, og det var appellar av politikarar frå heile det politiske spekteret: frå Rødt til Frp.

Lars-Henrik Michelsen blei vald til leiar av organisasjonen, og dei blei satt ned eit breitt styre. Ungdom mot EU har lenge jobba for å setje fokus på dette direktivet, og eg er blant dei som sit i det nye styret. Du kan lese meir om kampanjen, og setje nemnet ditt på lista over motstandare på www. Stoppdld.no

Stopp

Datalagringsdirektivet ble vedteke i EU-parlamentet 15. mars 2006. På grunn av EØS-avtalen må Norge truleg enten implementere direktivet eller legge ned veto.

EU sitt datalagringsdirektiv krever at informasjon om kven du ringer, når du ringer og kvar du er når du ringer skal registrerast og lagrast i opptil to år. Det same gjeld e-postkorrespondanse og SMS-er. Innhaldet i samtalane og e-postane skal ikke lagrast, men kven som kommuniserar med kven, når og frå kvar. I motsetnad til dagens overvaking vil ikkje direktivet berre ramme mistenkte eller tidlegare straffedømde, men alle nordmenn som brukar telefon eller internett.

Det er åpenbart at dette er tvilsomt iforhold til personvernshensyn. Datatilsynet og direktør Georg Apenes var tidleg ute og advarte mot konsekvensane av datalagringsdirektivet. I ein kronikk i dagbladet i 2006 kalte han direktivet “Totalitært svermeri”.

Dersom omsynet til kriminalitetsbekjempelse alltid skal vege tyngst, er me på veg mot eit skremmande samfunn. Kvifor skal ein då stoppe med å overvåke teletrafikken? Det vil heilt sikkert vere nyttig for politiet dersom ein også lagra innhaldet i telefonsamtalane og e-postane våre. På eit punkt må me sei stopp, og datalagringsdirektivet er dette punktet.

Kjernen i rettstaten er at ein er uskyldig inntil det motsette er bevist. Dagens overvåking er basert på etterforskingsprinsipp, det vil seie at det skal ligge konkret mistanke til grunn før politiet kan overvåke ein person. Datalagringsdirektivet bryt dette prinsippet. Alle borgarar skal overvakast i tilfelle dei finn på noko ulovleg.

Debatten om datalagringsdirektivet heng saman med ein annen debatt, nemleg om vetoretten kan brukast eller ikkje. Og la det ikkje vere nokon tvil om kva eg, og Ungdom mot EU meiner. Den kan, og bør, brukast! Dette direktivet er for viktig til å gøyme seg bak redsel for å bruke reservasjonsretten.

 

Retten til privatliv er ein sentral del av demokratiet. Eg ønskjer ikkje å vakse opp i et samfunn med svakt personvern. Vetoretten kan brukast mot datalagringsdirektivet, og Ungdom mot EU krever at stortinget benytter seg av denne retten.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

kategoriar

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.