Etter snart 6 veker i El Salvador, er det vel på tide med eit lite blogginnlegg. Sjølv om eg egentleg er stor motstandar av blogging. Ah, herlege dobbeltmoral.
Eg er altså for tida på solidaritetsbrigade i regi av LAG (Latin Amerika- gruppene i Noreg), saman med 9 andre kjekke ungdommar. Me er alle saman så unge og engasjerte at det er nesten litt kvalmt. Men fint òg.
Då me kom i byrjinga av februar, var me fyrst i Suchitoto i litt over to veker. Her hadde me språkundervisning, og budde hjå lokale familiar. Eg føler at eg har lært utruleg mykje spansk allereie, og gler meg til å lære meir og meir! Det er ei fantastisk kjensle å kunne kommunisere med folk, utveksle tankar og idear, og ikkje minst høyre på dei utrulege historiane folk her har å fortelje.
Byen Suchitoto er utruleg vakker, med små murhus, blomstrar og smilande folk som helsar på deg uansett kvar du går. Byen ligg på ein bakketopp, så det er frisk og fin luft, og nydeleg utsikt ned til Lago Suchitlan, den største innsjøen i landet. Desverre er innsjøen veldig forureina, og heilt grøn av algar. Det er ikkje særleg lurt å bade der trur eg, men folk fiskar mykje der, og den er fin å sjå på!

Me har hatt mange spennande møte med organisasjonar og folk. Blant anna har me besøkt ei kvinnegruppe som har eit senter her i byen, der kvinner kan få hjelp til å skaffe eg arbeid, til å få rettshjelp ved skilsmisser, vold o.l., og ikkje minst driv dei forebyggande arbeid ved hjelp av haldningskampanjar. Noko som er veldig kult er at dei har fått nær sagt samtlige hus i byen til å ha eit lite “maleri” på forsida, der det står at i dette huset tek ein avstand frå kvinnevald.
No har eg akkurat komme tilbake til Suchitoto etter 3 veker i landsbyen Cinquera, der eg skal vere mesteparten av tida. Der er standarden temmeleg forskjellig enn i Suchitoto! Omlag 700 menneske bur i kommunen, og det er eit lite sentrum med eit par butikkar. Ellers er det stort sett skog og kratt, små hus og dyr som vandrar rundt.
Eg bur litt utanfor sentrum, eit stykke få dei andre. Me har 14 høns, ein katt og ein hund, dei går rundt som dei vil, både ute og inne. Vertsmora mi heiter Lorenza de la Paz, og er ei bittelita gamal dame på 82 år (sjølv insisterer ho på at ho berre er 71, men alle andre seier ho er 82). Ho tek seg av dei 4 barnabarna sine på 10, 13, 16 og 23. De to eldste døtrene på 16 og 23 har igjen sine eigne ungar. To små gutebabyar på rundt eitt år som krabbar rundt i tøybleier, mellom hønsebæsj og anna bæsj.

Huset vårt består av eit stort rom, der me alle søv. Det er eit helvetes leven om kveldane og nettene, dei yngste ungane ligg gjerne og pratar og høyrer på ringetonane på mobilen, medan Daniel på 12 mnd snorkar så det ristar i veggane. . Det er ikkje alltid så lett å sove blant søskenkrangel, barnegråt og hanegaling. Men no har eg i allefall fått myggnetting, så då kan eg late som eg har litt privatliv.
Doen vår er ein oppmurt latrine baki hagen, og dopapir brukar dei ikkje. Men eg har hamstra med meg frå byen, så eg er i allefall rein i rumpa! Me har ei vasskran der me vaskar opp o.l., og der eg pussar tennene. Veit ikkje om dei andre gjer det, har ikkje sett det i allefall. Ved sida av har me ein slags oppmurt “dusj”, det vil sei det er berre ein liten firkant av betong som ein kan stå inni og helle kaldt vatn over seg. Dei andre i familien er så lave at “dusjen” når dei til halsen, men meg når han berre til livet omtrent. Difor vaskar eg meg som regel heller i elva. Men av og til treng eg ein ordentleg vask, og då er det inn i “dusjen” og blotte seg for heile nabolaget. Flaks at eg ikkje er så blyg av meg.

Elva er forøvrig det store lyspunktet i tilvèret her. Den ligg i “den økologiske parken”, ein naturvernområde rett ved landsbyen. Pappaen til Henrikke er skogvoktar der, og han har teke oss med og vist oss badeplassen. Det er ein kjempefin kulp med ein liten foss, og vatnet er kjølig og reint. Det er dødsdigg! Når det er 35 grader i skyggen og ein har vore ute og stelt kyr eller leikt med dei skitne ungane er det fantastisk å hoppe uti der!
Generelt er livet veldig bra, og eg trivast kjempegodt. Likevel får litt angst av å tenke på at eg skal vere her i 3 månader til, og savnar senga mi og PC. Særleg det siste.
Men det skal nok gå bra. Som me seier her i brigaden, når noko er litt vondt og vanskeleg:
-Jaja, det kunne vore aids.